8. juni 2009

Stemningar

Eg har planar om å lage ei rekke med innlegg utover sommaren.
Det byrjar i dag. Serien er kalla stemningar, fordi det er nokre ting som verkeleg gir stemning. Eg trur vekta vil ligge på gode stemningar, det ser slik ut.
Første stemninga er å gå over ein 6 felts motorvei klokka fire på natta ein sommarskveld.
Kjenn på det!

18. mars 2009

Band of Brothers


Eg diggar serien "Band of Brothers, men dette innlegget har ingenting meir til felles med denne serien en tittelen.

Eg er med på noko spanande for tia, eg er med i noko som heitar "Ichtys bible study". Dette er eit opplegg som går kvar onsdag, og har tilknyttning til Kia, og misjonssalen. Her samlast me fleire frå fleire land, kulturar og språkgrupper.

Me er veldig ulike, både i stil, utsjånad, historie, alder og livssituasjon.
Samlingane foregår på engelsk, det er vel igrunnen berre det at me snakkar engelsk som er fellesnevnaren.

I løpet av kvelden går me gjennom eit tema i noko som heitar "Glad you asked!". Dette programmet går gjennom dei mest grunnleggjande tinga i kristentrua. Grunnen til at det berre er engelsk som er fellesnevnaren, er at det er folk som ikkje er kristne som er med også av og til.

I kveld var det ikkje nokon ikkje-kristne med. I kveld var me få. Me var berre fire stykk. Eg skulle ha ansvaret og var vel kanskje litt skuffa. Samlinga starta med at vårt afganske bidrag seiar "it's not about the number" på gebrokkent engelsk. Han fiksa dette bedre en meg, både engelsken og antallet.

Det vart ein fin kveld. Ein etioper, ein afgansk, ein frå romania og ein nordmann. Kultur kræsj. Egentleg. Hadde det ikkje vore fordi me var brødre hadde me nok aldri vore samla her.

Til slutt ba vårt etiopiske bidrag for landet som me alle bur i no. Han ba om at Gud måtte være med regjeringa, at dei måtte føye seg etter Guds vilje.

Ei verdensvid kyrkje.
Takk Jesus.

Salme 96, 3
Fortell blant folkeslag om hans herlighet, blant alle folk om hans under!
Galaterne 3,26-29 For dere er alle Guds barn ved troen på Kristus Jesus. 27 Alle dere som er døpt til Kristus, har kledd dere i Kristus. 28 Her er ikke jøde eller greker, her er ikke slave eller fri, her er ikke mann og kvinne. Dere er alle én i Kristus Jesus. 29 Og hører dere Kristus til, er dere Abrahams ætt og arvinger etter løftet.

10. februar 2009

Vinter i byen...


Her i Oslo er det grisekalt og mykje snø. Eg har Exphil (Filosofi) og NT.
Spanande fag begge deler.
Eg må medkjenne at eg ikkje skjønar heilt alle filosofane eg les om.

Nokre fordi dei er mykje for djupe for meg, andre fordi det er berre livsfjernt vas dei legg fram. Dei sist nemde burde kanskje heller funne seg eit arbeid med hendene i staden for å plaga oss med teoriane deira.

Anten me likar det eller ikkje, har filosofar påverka tenkningen heilt fram til i dag. Nokre på ein god måte, andre på ein dårleg.

Jesus har blitt kalla ein filosof, eg trur det blir eit for smalt utrykk å tre over vår mester og Herre. Men at han har sagt ting som har påverka ikkje berre tenkninga, men livet, historien ja egentleg alt, det er det ikkje tvil om. Nokre døme på det:


"..Bli lys..."

"...og i di ætt skal alle folk på jorda verta velsigna......"

"...det er fullført..."

Tenk at alle desse utsagna gjeld meg og deg. Gud skapte verden, me synda, han gav eit løfte, Jesus kom, og han fullførte det han kom for.

Eit siste utsagn.

"..... Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg..."

9. november 2008

Søndag på kjøkkenet.


Eit sakn, er ikkje eit verkeleg sakn før ein lurer på om det verkeleg er eit sakn eller om det berre er eit sakn.
Ein tenkjer ikkje djupt, før ein anar at ein berre tenkjer i overflata på noko.

Tenk på det.

Tenk om ein hadde hatt samvær med nokon heilt frå evighet frå, så plutseleg skulle ein ikkje ha det. Plutseleg vert ein avvist.
Eg tenkjer han sakna samveret då. Men han akta ikkje på vanæra, men han lei tolsamt.


Salme 22 (2+17-19) Egentleg heile salma..

Hebreerbrevet 12, 3

31. oktober 2008

Metamorf


Akkurat no, ligg eg på sofaen på sinsen.
Eg ser på "StarTrek", noko eg trives med å sjå på, sjølv om det ikkje e lett å inrømma det.
Det er keisamt i Oslo når studiet ikkje er travelt.
Poenget med å i det heile tatt nemne "StarTrek", eller å ha med eit nydeleg bilde av gjengen, er Metamorf.

Ein Metamorf er eit eh..Menneske, eller i denne samanhengen er det eit romvesen. Dette romvesenet har ein egen eigenskap. Ho kan, og ønskjer å forandra seg til å være den som menn ønskar at ho skal være. For å ein dag, kunne bli den beste ektemake mogleg.

Eg skal vedgå at tanken er interessant. Tenk å møte ei(eller ein, om du er ei jente som les dette.) som berre forvandlar seg til å bli slik som det passar best for deg.
Nokon vil vel kanskje tenkja at denne kona vil varta keisam etter kvart, men då vil ho ikkje lenger vere akkurat den du vil ho skal være. Noko som ikkje er mogleg for ein metamorf.

For deg/meg ville det vore perfekt.
Men for ho, korleis vil det være for ho?
Kjærleik er offer.
Kjærleik er å elske på tross.
Nokon eg kjenner som er gift/forlova, seier at det er nettop dette som er det spesielle.
Å være klar over korleis ein er, og alikevel er det ei som er gla i han.
Om ho er akkurat som eg vil ho skal være, kostar det ingenting å elska, dvs det er umogleg.

Ein eg kjenner, men ikkje har sett, med anna en troens øye, han viser oss dette.
Mark 10,45 For Menneskesønnen er ikke kommet for å la seg tjene, men for selv å tjene og gi sitt liv som løsepenge i manges sted.

Rom 5,8 Men Gud viser sin kjærlighet til oss ved at Kristus døde for oss mens vi ennå var syndere.

Joh 3,16 For så har Gud elsket verden at han gav sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal fortapes, men ha evig liv.

For ein kjærlighet.

Når eg ser dette, å leve i det, enten det er klart eller dunkelt for meg, då sko eg ønska at eg va ein metamorf. Som kunne forvandla seg å varta det Jesus ville i ein augenblink.

Joh 3,30 Han skal vokse, jeg skal avta.

Orienterings stoff. (Eg les dogmatikk for tia, og eg skal vedgå at eg er påverka.)
Om ein skal pressa tanken eit lite stykke videre, så påstår eg at eg er i dag, nett slik som Herren ønskar at eg skal vær. Eg er gjennom Jesus fullkommen.
Er det noko offer å elska meg då? Er det Mogleg for Gud å elska meg då?
JA! Han har gjort det største offeret, då han satte meg i denne posisjonen!
Joh 1,16 For av hans fylde har vi alle fått, og det nåde over nåde.

PS:
Dette rettferdiggjer ikkje det at eg ser "StarTrek", det er framleis eit nerde program.

24. oktober 2008

Jakt og Religions pedagogikk.

Kort oppdatering frå tigerstaden.
Eg har vore heime.
Diverre er eg no komen tilbake. Men eg har vore på tur, meir spesifisert: eg har vore på jakt.
Deltakarane på jaktturen var:
Trygve Barlaup















Thomas Bø og Steffen Stensland















Det var ein fantastisk tur. Dårleg med fangst, men for ein tur, me hadde fin ver heile tia og god stemning.

Oslo byrjar å søkje inn. Det gjer studentlivet også.
No er me ferdige med den fyrrste terminen, og har byrja på den andre.
Faga eg arbeidar me nett no er:
Dogmatikk (Troslære) Dogmatikk er eit far som omhandlar kva me trur på. Kva Bibelen vår seiar om dei ulike delene av livet, trua, mennesket, Gud og evigheten. Det er eit fag som ikkje passar så godt inn i den tia me le i no(postmodernismen, kor alt er relativt). Til dette vil eg sei som ein god ven av meg brukar å sei (utsagnet gjer seg best muntleg med eit ansikts uttrykk): Æg Tyttkje dÆ Æ KongE!
Etikk: Etikk er eit fag, som fort kan oppfattast som eit fag der ein ønskar å høyra glup ut. Ein brukar vanskjelege ord om kva som er rett og galt. Og korleis ein skal definera rett og galt.
Religions Pedagogikk: Søndagsskule pedagogikk.

Eg lurar litt på korleis ståa er heime i stavanger, på Fogn, i tromsø, på sunnmøre, i Afganistan, i trondheim, i agder? Kva skjer? har dykk det greit?

5 Mosebok 32, 3-4

Din Jesus lever!

20. august 2008

Hardangervidda

Før eg flytta til Tigerstaden, så var eg på ein fjelltur. Det var ein kjempe tur.

Deltakarane var: Kjetil A. M. Andersen, Sindre Sandanger, Fredrik Berge og underteikna.


Det var ein tur som varte i åtte dagar, elementer som var med var:

Havregryn, Pipe, Kaffe, Hårteigen, Ørret, Fiskestang, Havregryn, Pannekaker, Vannblemmer, Lavo, Primus, Havregryn, snus, og mange "slåser".


Her er nokre glimt frå turen: